Digitale kart, viten.no

Eg har i det siste sett på nokre av viten.no sine nettbaserte læringsressursar. Eit program, Digitale kart, tek for seg oljeutsleppet på Statfjord A i desember 2007 og korleis ein kan bruke kartiskolen.no for å lære meir om oljefeltet – dette gjer at elevane er avhengig av å bruke kartklienten parallelt med programmet. «Digitale kart» består av fleire små deloppgåver, der alle går ut på å handtere og hente ut informasjon frå kartet. Så kva er det som skal lærast vekk? Er det ei oppgåve om oljeutslepp, eller er det ei oppgåve der elevane skal lære seg eit teknisk verktøy? Og kor gunstig er det eigentleg å måtte manøvrere seg fram og attende mellom to nettsider?
Eg trur «Digitale kart» heller burde vore delt inn i to separate oppgåver:

  1. «Kart i skolen» er ein fantastisk ressurs (litt for utilgjengelig, tregt og utdatert brukergrensesnitt), men korleis bruker ein den? Eksempel som går direkte på elevane (t.d. oppg.2 i 13.12.2007)
  2. «Oljeutsleppet på Statfjord A i 2007». Her tenker eg på ein modell eg tidlegare har kommentert i eit innlegg om interaktive tidslinjer: I 2010 skjedde eit anna oljeutslepp, Deepwater Horizon-utblåsninga, og nola.com illustrerte hendingane ved hjelp av ein interaktiv modell. I tillegg til ein modell som viser korleis alt skjedde, hadde det vore spennande for elevane å sjå statistikkar som kan sette hendinga i ein større samanheng (t.d. ein statistikk over andre oljeutslepp, miljø- og økonomiske konsekvensar osv.) – kanskje noko litt som BBC News sin Crash: Death on Britain’s roads eller LRA Crisis Tracker.
Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: