«EN BY – TO VERDENER» – NRK sitt interaktive kart over Oslo

I dag publiserte NRK sitt nye interaktive kart over Oslo, «EN BY – TO VERDENER». Dette skriv dei om kartet:

NRK.no har hentet inn data fra Statistisk Sentralbyrås nasjonale informasjonssystem Kostra (KommuneStatRapportering), Oslostatistikken og Utdanningsdirektoratet for å belyse forskjeller i levekår i tidsperioden 2007-2010 på bydelsnivå.

Hovedvariablene er helse, innvandring, oppvekst, økonomi, skole. Under hver av disse har vi listet opp en rekke indikatorer for å belyse dette temaet bredt og riktig.

Hver indikator har fått sitt eget kart, hvor forskjellene markeres visuelt.

Under innsamlingen av dataene har vi hatt en løpende dialog med faglig ekspertise innenfor de ulike fagområdene, for å kvalitetssikre materiale og fokus.

Enkelte ønskelige variabler og indikatorer, som kriminalitet og rusproblematikk, er utlatt i kartet fordi informasjonen ikke er tilgjengelig på bydelsnivå, eller grunnet andre mangler ved materialet. Disse temaene er likevel berørt redaksjonelt i artikler på generelt grunnlag.

Funnene i kartet antyder ikke sammenhenger på samme måte som vitenskapelig arbeid, men brukes journalistisk i artikler sammen med andre kilder.

Forskjeller i levekår mellom bydelene i Oslo har vært gjenstand for politisk diskusjon og vitenskaplig forskning i flere tiår. NRK.nos interaktive kart viser at forskjellene jevnt over holder stand.

Først vil eg berømme NRK for eit kjempearbeid. Her er noke tankar eg har rundt kartet:

Det som slår meg når eg går inn på kartet, er om det er tilpassa skjermen min, eller om eg, alt avhengig av kva skjerm eg ser kartet på, er avhengig av scrolling for å sjå heile. Det viser seg at det er det siste alternativet, som er heilt ok, om det ikkje var for at ein dermed kan gå glipp av viktig informasjon om korleis ein skal lese kartet (som at ein er avhengig av ein skala):

Om menyen: Eit alternativ ein kan velje er å skjule bydelsgrensene, men når dette vert gjort, forsvinn målingane og moglegheitene for å klikke seg inn på bydelane – kartet vert rett og slett eit vanleg kart. Eg skjøner ikkje grunnen til at vi får eit slikt alternativ, men mindre det er for å lettare sjå byen (kanskje i ein kombinasjon av «vis detaljert kart» og «skjul bydelsgrenser» ). Funksjonen har eit godt utgangspunkt, men det hadde vore beire om ein framleis kunne sjå dataen ein har tilgang på når ein viser bydelsgrenser.

At du kan dra deg rundt med peikaren og zoome ved å scrolle inni kartet er deilig, då vert du ikkje avbrutt i utforskinga di fordi du må til høgre for å dra i en scrollbar eller gå opp i hjørnet for å klikke på zoom (Les meir om zooming og panorering i Bret Victor sitt flotte innlegg Gestural Zoom and Pan, og sjå kva løysning han kom fram til at var best). Zoomar du deg langt inn byrjar det å gå treigt, men det er strengt talt ingen grunn til å gjere det uansett (ingen ny informasjon, bortsett frå om ein som tidlegare nemnt har «vis detaljert kart» og «skjul bydelsgrenser» og ynskjer å bruke dette kartet som eit vanleg kart, kvifor no ein enn skulle gjere det).

Når ein klikkar seg inn på ein bydel kjem det opp eit vindu med informasjon om bydelen relatert til ein valgt variabel. Og her kjem det eg reagerar mest på (gjeld for øvrig meir eller mindre heile modellen): kor få spørsmål som vert besvart i forhold til kor mange svar ein kunne fått om framstillinga av dataen var annleis. Og la oss ikkje gløyme korleis dataen har vorte gøymd for lesaren.

Som Edward Tufte skreiv i Visual Explanations: The deep, fundamental question in statistical analysis is “Compared with what?” . Visuell samanlikning er sjølve essensen i informasjonsdesign. Diverre er det vanskeleg å samanlikne data i denne modellen – først og fremst fordi ein faktisk ikkje får lov. Etter å ha valt ein kategori kan ein fyrst sjå talla ved å klikke seg inn på ein bydel. Her kjem det opp ein graf, men ein kan berre samanlikne maks tre variablar (x, y og gjennomsnitt – ein kan til og med ta vekk gjennomsnittet, slik at du alternativt kan sitte igjen med berre x eller y (!)).  Kvifor får vi ikkje velje å vise fleire variablar i grafen? Både fleire variablar innanfor ein kategori OG fleire bydelar. (Og kva funksjon har denne knappen  ? ). Akkurat denne delen av modellen kunne eg ha skrive mykje meir om (den av og til rotete tabellen nederst og dei irriterande store pop-up tekstane som kjem når ein tar peikaren over grafen), men det får verte ein annan gong.

For når vi snakkar om samanlikning: her er skalaen på kartet eit hinder. Skalaen avgjer kva farge det er på dei ulike bydelane, og denne skalaen endrar verdiar óg når ein bytter mellom variablar som fint kan samanliknast (t.d. «Gjennomsnittsinntekt menn» og «Gjennomsnittsinntekt kvinner») – greit å berre forandre talla når ein ikkje orkar å lage ein meir nøyaktig skala, men framstillinga vert forvrengt, og gjer ei samanlikning mellom dei to nesten umogeleg (for meir om dette, les bla. Edward Tufte «Lie Factor»).

Ei løysning på dette kan vere lik den Bret Victor (mannen er fantastisk) laga då han redesigna New York Times sin modell «How Many Housholds Are Like Yours?».

Og for å raskt nemne det, men ikkje gå i detalj: Er ein slik fargekode brukt på kartet det beste alternativet for å vise mengde? Edward Tufte nemner dette kort i boka «The Visual Display of Quantitative Information». Meir om det her (Statistical Graphics and more: color scales on maps) og her (gabrielflor.it)

Advertisements

2 comments

  1. Hei Viscomvibz, jeg er en av journalistene bak prosjektet over. Jeg har ikke sett dette innlegget før i dag (27.11.2012), men takk for analysen. Jeg er langt på vei enig i det meste, spesielt mulighetene for å ta med flere parametere i sammenligningsmulighetene. Vi slet også litt med å gjøre visualiseringen enkel og brukervennlig i forhold til mengden data som ble brukt.

    Noe av det du skriver om tok vi opp allerede da vi evaluerte prosjektet, og noe gikk litt under radaren. Jeg sender lenke til evalueringen din til de andre som var innvolvert så vi kan ta dette med oss i fremtidige prosjekter.

    David Krekling
    Journalist
    NRK.no

  2. Først og fremst er det et flott arbeid, David, håper å se mer av dette fremover!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: