Fail

Mitt første forsøk på å lage informasjonsdesign var i september 2010 (dette var faktisk første gong eg høyrde om informasjonsdesign). 3BA på KHiO skulle ha eit kurs med fantastiske gjestelærar Angela Morelli, og på dei to vekene vi hadde kurset var læringskurva mi bratt. Resultatet vart likevel ikkje som eg håpte; det vart ei fin, men meiningslaus framstilling – den kommuniserte rett og slett for dårlig, og folk hadde problem med å forstå kva eg ville fortelje med den.

Oppgåva mi heitte «How I listen to my songs», og medan eg no vil jobbe med interaktiv informasjonsdesign, var dette ein plakat på 70x100cm. Vi skulle velje eit miljø vi ville utforske, deretter hente data og framstille det på ein interessant og forståeleg måte. Eg valde iPoden min som miljø å utforske, kor eg tok for meg kva songar eg høyrde på, kva songar eg alltid hoppar over og kva songar eg ville høyre litt på for så å avbryte og gå vidare til neste.

Resultat vart ein klassisk plansje. Eg brukte få fargar, skriftsnittet Bodoni, og printa det heile på ubestrøket papir.

Frå og med då har eg forsøkt å tenkje meir på historien bak framstillinga, å finne ein interessant vinkel og prøve å organisere modellane etter slike spørsmål leseren antakelegvis først vil ha svar på.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: